Steg 1
Rør saman peanøttsmør, sirup, sukker og vaniljepulver til ei jamn blanding i ei lita kasserolle på middels varme.
Steg 2
Tilset grovhakka peanøtter og grovknust cornflakeseller havregryn. Rør godt saman.
Steg 3
Form runde kuler og set på eit bakepapirkledd brett. Set kulene i frysaren medan du gjer klar sjokoladen.
Steg 4
Knekk sjokoladen i små bitar og ha den i ei skål som toler varme.
Steg 5
Kok opp ei lita kasserolle med vatn, set skåla med sjokolade over og la sjokoladen smelte. Skåla må ikkje vere i kontakt med vatnet under. Rør inn kokosoljen i sjokoladen.
Steg 6
Bruk ein gaffel og vend ei og ei snickerskule i sjokoladen. Set tilbake på bakepapiret og strø hakka peanøtter på toppen.
Steg 7
Oppbevar snickerskulene i tett boks i kjøleskapet, dei held seg lenge.