Steg 1
Sett steikeomnen på 200 grader over- og undervarme.
Steg 2
Legg havregryn, solsikkekjerner og hakka mandlar utover eit bakepapirkledd steikebrett og plasser brettet midt i omnen. Rør rundt 1-2 gongar, og la steike i 15-20 min til det er gyllent.
Steg 3
Kok opp vatnent og legg dadlane i. La dei ligge i 5-10 min, slik at dei mjuknar litt opp. Kjør dadlar og vatn til ein jamn puré ved hjelp av ein blender eller ein foodprosessor.
Steg 4
Varm opp honning og peanøttsmør og rør til det blir ei jamn masse. Bland så inn daddelpuréen.
Steg 5
Ha dei røsta gryna over i ein bolle og bland inn kanel, salt, grovhakka aprikos og tranebær.
Steg 6
Hell honningblandinga over og bland godt saman.
Steg 7
Legg bakepapir i ei eldfast form på ca 20 x 20. (Mi form var 16 x 24.)
Steg 8
Trykk blandinga godt saman, ved hjelp av baksida på ei spiseskei eller knyttneven.
Steg 9
Sett den elefaste forma i den varme omnen igjen, og la granolablokka steike i 15-20 min til den er gyllen på toppen og har sett seg.
Steg 10
La granolblokka avkjøle heilt i forma før du deler den opp i passe bitar.
Steg 11
Oppbevarast i tett boks eller kan frysast om du vil ha dei lenge.