Flettekrans med eplemos og kanel

Flettekrans med eplemos og kanel fra Kvardagsmat.no smakar nydeleg søtt og godt, og er gjærbakst på sitt aller beste. Med denne på bordet kan du lett glede de rundt deg, både til hverdag og til fest.


Slik gjør du

Dette trenger du

Steg 1

Varm mjølka til ho er fingervarm. Ha den i ein bakebolle og tilset sukker, kardemomme, gjær, salt, egg og kveitemjøl.

Steg 2

Elt saman i 5-10 minutt til du har ei jamn deig.

Steg 3

Del smøret i terningar og ha det i bakebollen, elt vidare i 5-10 minutt til du har ei jamn deig igjen.

Steg 4

Dekk til bakebollen og la deiga heve i 1 time, til den har blitt nær dobbel så stor.

Steg 5

Bruk godt med mjøl på bakebordet og kjevle ut eit retangel på 80 x 40 cm.

Steg 6

Stryk utover eit jamt lag med eplemos og fordel kanelen over. Skrell og del eplet i små terningar og strø dette over.

Steg 7

Rull saman deiga, som ei rullekake, og splitt så rullen på langs ved hjelp av ein skarp kniv. La deiga hengje saman ca 5 cm på eine sida, og flett så dei to delane saman frå denne sida. Det er lettast om du flettar saman medan du flyttar deiga over på eit bakepapir, for etter at kransen er klar er det ikkje så lett å få til.

Steg 8

Dekk til kransen med eit klede og la etterheve i 30 min.

Steg 9

Pensle kransen med eit samanvispa egg og strø over perlesukker.

Steg 10

Steik kransen midt i omnen på 200 grader over- og undervarme til den er gyllen under. Dette tek ca 30 minutt.

Steg 11

Avkjøl kransen på ei rist og vent minst 15-20 minutt før du deler den i stykker.