Bløtkake med bær

Lag denne flotte bløtkaken fylt med bær av Kvardagsmat til 17.mai! Instagram: @kvardagsmat


Slik gjør du

Dette trenger du

Steg 1

Set omnen på 175 grader over- og undervarme. Legg bakepapir i botnen av ei rund kakeform.

Steg 2

Visp egg (helst romtempererte) og sukker i ein miksar til du har luftig og lys eggedosis. Dette tek ofte 5-10 minutt med visping, avhengig av type kjøkkenmaskin.

Steg 3

Sikt i mjøl, potetmjøl og bakepulver. Vend inn med ein slikkepott til alt er jamt blanda. Ikkje rør, men vend. Då beheld du mest mogleg av lufta i eggedosisen og får eit høgt og fint sukkerbrød.

Steg 4

Steik sukkerbrødet i 30-40 minutt midti omnen. Sjekk med ei kakenål/grillspyd midt i kaka for å sjå at den er ferdigsteikt. Dersom nåla er rein når den kjem opp er kaka klar. Dersom det er kakerøre på nåla må du steike litt til.

Steg 5

Ta forma ut av omnen og la den avkjøle opp ned på ei rist. La sukkerbrødet blir heilt kaldt før du losnar det frå kakeringen. Det gjer du ved å dra ein kniv langs kanten og så opne kakeringen.

Steg 6

Del sukkerbrødet i to, og legg toppen opp ned på eit kakefat.

Steg 7

Dynk sukkerbrødet ved å ringle over saft, slik at kaka ikkje blir tørr.

Steg 8

Visp kremfløyta saman med sukker og vaniljesukker til luftig krem. Stryk eit lag krem ut over kaka, legg delte jordbær og heile blåbær utover, avslutt med botnen på sukkerbrødet. Då har du undersida av sukkerbrødet vendt opp, og dermed vil kaka ha finast og jamnast overflate.

Steg 9

Fordel resten av kremen på toppen og rundt kaka. Bruk ein slikkepott eller ein kniv og skrap av kremen rundt, slik at botnen viser frå sida. Kremen du får til overs kan du legge på toppen av kaka igjen.

Steg 10

Pynt med bær på toppen.